Da skjer et under.
Her og nå;
En blomst blir blomst
et strå blir strå
- fordi du stanset opp og så.

- Hans Børli -

Aktivitetar

siluett+naust.jpg
 

Temakveldar

Vi arrangerer ulike temakveldar på låven eller i fjøsane. Desse blir annonserte på heimesida og på Facebook-sida vår. Tema kan vere mat, drikke, fortellingar, diskusjonar, politiske tema, fagtema eller anna.

Vi håper å skape interesse og engasjement og vere ein god møteplass i bygda.

Sjå komande arrangement

kønnøl
 

Ølkurs

På Nedreskodje gard har det vore brygga kønnøl sidan 1500-talet, kanske heilt sidan 900-talet. Dagens eigar er 13. generasjon som har holdt denne tradisjonen i hevd.

På våre ølkurs blir det høve til å smake 6 ulike ølsortar. Vi startar med sjølve “urølet”, sjølvgjæra øl og har med kveiteøl, porter, ipa og kønnøl. Litt om historia til dei ulike ølslaga høyrer narurlegvis med.

Ta kontakt for tilbod på bjorn@nedreskodje.no

Konsert med Magne Fremmerlid
 

Konsertar

Nedreskodje gard har i fleire år hatt sjølvstendige konsertar, konsertar på Fjord Cadenza-festivalen og julekonsertar.

Akkustikken i løa er god, og stemninga inne i konsertlokalet er unik. Fjord Cadenza sin visjon er “menneske - natur - musikk”. Denne visjonen ønsker vi å vere ein del av.

Vil du arrangere konsert på Nedrskodje gard?

Be om tilbod på bjorn@nedreskodje.no

hisory walk.jpg
 

Historisk vandring

Vår første historiske vandring var i 2012 med omlag 250 frammøtte. Då starta vi i Nerskøystøa og fortalde om dei første som slo seg ned i bygda. Så fulgte vi den første køyrevegen frå Nerskøynaustet til kyrkja, der ho står i dag.

Nedreskodje er truleg den eldste garden i Skodje, og vi stoppar litt rundt hendingar og historier frå bygda og på garden.

Be om gratis historisk vandring eller miniforedrag når du bestiller lokale.

skodjebrua.jpg
 

Bruvandring

Skodjebruene består av 3 bruer som vart bygde i åra 1911-1922. Etter kvart vart trafikken for stor og i 2004 kom den nye Straumsbrua. Dei gamle bruene vart freda av rikskonservatoren i 2015.

Bruvandringa går over Grøtstraumen, gjennom Skodjestraumtunnelen, over Eggestraumen bru og Storstraumen bru. Vi avsluttar turen på utsiktspunktet. Undervegs fortel vi historia om bygginga av brua og episodar som har skjedd på og rundt bruene.

Be om tilbod på bjorn@nedreskodje.no

Mordgåte Skøye teaterlag.jpg
 

Mordgåte

Vi har funne tak i historia om eit mord som skjedde på Skodje på 1700-talet. I samarbeid med Skøye teaterlag har vi laga ei mordgåte frå denne tida, der deltakerane blir delt opp i grupper.

Gruppene skal innom ulike stasjonar og prøve å reflektere seg fram til kven mordaren er. Til slutt møtast dei til oppklaring i Kyrkjenaustet.

Be om tilbod på bjorn@nedreskodje.no

Lagbygging på Nedreskodje gard.jpg
 

Lagbygging

Lagbygging kan utførast både inne og ute. Vi deler gjestane inn i lag som konkurrerar med kvarandre.

Tevlingane krever ikkje særlege fysiske eller intellektuelle føresetnadar, men har moro og samhandling som fellesnemnarar.

Be om tilbod på bjorn@nedreskodje.no