Handa hans far min var sliten og hard
og skrukkut som gamalt horn.
Ho fekk si bragd på den magre gard
i træling for kone og born.

- Anders Hovden -

Historia

Naust Nedreskodje gard.jpg
 

Historia om oss

Nedreskodje gard er truleg opphavsgarden i Skodje. Segnet seier at det var her den første skodjebygdaren, Bjørn rydningsmann, slo seg ned. Staden der bygdehovdingen Gomer si grav ligg, var også under Nedreskodje.

Det eldste gardsnamnet vi finn i Skodje er Skadvin. Denne garden er registrert for omlag 2000 år sidan. Garden vart seinare delt i Nerdreskodje og Øvre Skodje.

Noverande eigar, Bjørn Nedreskodje, tok over garden i 2006.

Nede til høgre på bildet skal vere staden der Bjørn rydningsmann bygde det første huset i Skodje.

Laven+Nedreskodje+gard.jpg
 

Låven

Låven er frå omlag 1860 og det gamle grindbygget er intakt. På bildet ser vi der Djupebrøta bar er no. Her var “djupebrøtet”, eller “høystålet”, der høyet vart lagra. No er her lagt golv slik at låven vart dobbel så stor. I djupebrotet er det no kjøkken, toalett, garderobe og badstu.

Låven er ikkje isolert, men det er lagt asfaltplater utanpå den originale bordkledninga med ny bordkledning i ytterveggen.

kufjosen.jpg
 

Fjøsane

Fjøsane består av saudefjøsen og kufjøsen. I saudefjøsen var det i vinterhalvåret omlag 20 sauer. Bildet viser den gamle kufjøsen med plass til 6 kyr. Saudefjøsen er truleg frå tidleg 1500-tal og er det eldste bygget på garden.

Nedreskodje+gard+vaningshuset.jpg
 

Vaskekjellaren

I kjellaren på våningshust eller “Nerskøystøva” var det vaskekjellar, snekkarbod, matbod og potetkjellar. Kjellaren er gravd ut ein halv meter, golvet er isolert, og det er støypt ny betongplate. Den gamle grua er opna, og vi har støypt ein open peis av steinar frå nærområdet. Potetkjellaren er gjort om til toialett og eit lite lager.

gamlenaustet.jpg
 

Gamlenaustet

Bildet er frå restaureringa av gamlenaustet i 2018. Grinda er heil, men tydleg frå ulike tidsepokar. Noko av grinda kan vere heilt frå tidleg 1400-tal. Grinda vart krana på plass og sett opp på ein tørrmur. Veggane har fått på nye bord, men er uisolerte. Det er lagt ny tro med torv på taket.

kyrkjenaustet.JPG
 

Kyrkjenaustet

Tuftene syner at det originale kyrkjenaustet var omlag 9 m langt og 6 m breidt. Austenden av naustet hadde eit påbygg som vart kalla “Skiftestøva”. Her kunne kyrkjefolket ta av seg ferdakleda og få på finstasen.

Kyrkjenaustet vart sterkt skada under ein hauststorm kring 1950. Noko av grinda stod igjen og naustet vart bygt opp att på den attståande grinda. Ein ny storm i 2015 tok dører og bordkledning. Etter det vart den gamle grinda frakta opp til gardstunet og ferdig restaurert sommaren 2018.