Å gjere eit ekteskap lukkeleg er omlag som å drive eit gardsbruk.
Du må starte på nytt kvar einaste dag.

- Frans av Assisi-

Bryllup

Bord dekka til bryllup.jpg
 

Velkomen til bryllup

Låven tar i mot 60 gjestar til bryllup. Brudeparet disponerar låven frå torsdag kl.10.00 til søndag kl 16.00. Leigetakar disponerer lokalet fritt inkl. kjøkken. Dei kan halde mat og serveringspersonale sjølve, men alkohol må Nedreskodje gard stå for grunna skjenkelova.

Når gjestane kjem, får dei oftast ein aperitif og kanskje nysteikte sveler. Dei som ynskjer det, får vere med på ei historisk vandring til Nerskøystøa. Vi spaserer forbi prestegarden, gjer ein stopp der Bjørn rydningsmann bygde det første huset i Skodje og endar opp ved Kyrkjenaustet. Der får vi høyre om bygdehøvdingen Gomer og sjå inn i det restaurerte naustet med skiftestova.

Pris for leige frå kr 15 000

Lokale til vigsling.jpg
 

Lokale til vigsling

Både Kyrkjenaustet, låven og saudefjøsen har vore nytta til vigsling.

Det blir ei spesiell ramme når brudeparet kjem roande inn støa i ein gamal færing, eller kjem med hest og kjerre fram til låvebrua.

Og kven skulle trudd at saudefjøsen, der det eingong gikk 20 sauder og trødde, ein dag skulle nyttast til å vigsle brudepar?