Den som ikkje let seg råda,
kan ingen hjelpa.

- Ivar Aasen -

Kurslokale

Kurslokale
 

Kurs i låven

Låven har god plass til 50 kursdeltakarar.

Her kan de skape dagar de aldri gløymer. Her kan de få arbeidsro, langsom tid og inspirasjon. Her kan de få avstand frå kvardagen.

Nedreskodje gard er ein oase for dei som treng påfyll, som treng å utvikle lagånd eller som vil sikre grobotn for gode beslutningar.

kursrom.jpg
 

Kurs i saudefjøsen

Saudefjøsen er eit intimt kurslokale for inntil 16 personar. Saudefjøsen kan gi inspirasjon og entusiasme, når visjon eller planverk skal utviklast. Eit annleis kurslokale er kanskje det som skal til for å utvikle litt annleis produkt. Ein gamal saudefjøs har tradisjonar. Sjølv om vi alle er på veg inn i framtida, kan det vere godt å kjenne etter at nokre av rotverdiane frå eldre tider også trengs i den moderne verda.

naustamfi.jpg
 

Uteområde

Det er fleire stadar på garden vi kan lage stemningsfulle utearenaer både til formidling og gruppearbeid.

Amfiet i Nerskøystøa ein varm sommardag er ein formidlingsstad kursdeltakarane aldri vil gløyme. Her er vi i indrefileten av Sunnmøre, midt mellom den lune Skodjevika og Sunnmørsalpane. Skulle veret endre seg flytter vi lett inn i Kyrkjenaustet med plass til 30 kursdeltakarar.