Me vamar og me vimar i verdsens ville sveim,
men i dei stille timar sviv tankefuglar heim
til bygda mellom fjell og fjord,
den kjæraste me veit på jord,
til dalane der inne med glans av fagre minne.

- Henrik Straumsheim -

Lokale

Selskaps- og kurslokale: Låven
 

Låven

Låven er kurs- og selskapslokale for vel 60 personar. Lokalet kan også nyttast til konsertar for inntil 80 gjestar. Låven har prosjektor med skjerm. Her er bar, sofakrok, kjølerom og utandørs veranda. Toalett tilrettelagt for gjester med nedsett funksjonsevne. Låven er på 160 m² pluss 15 m² veranda under tak. Dei tre vintermånadane er låven stengd grunna kulde. Les om historia til låven.

Sjå kva fasilitetar som er inkludert i leiga.

Pris for leige inkl. vask frå kr 7500 (Eigne prisar og avtalar for bryllup.)

Saudefjøsen og kufjøsen. Selskapslokale med plass til totalt 40 personar.
 

Fjøsane

Det er plass til 25 personar i saudefjøsen og 15 i kufjøsen. Det er storskjerm på vestveggen. Rommet er oppvarma og kan nyttast heile året. Saudefjøsen blir nytta både til kurs og møte. Saudefjøsen er på 42 m² og kufjøsen 28 m², totalt 70 m². Les om historia til fjøsane.

Sjå kva fasilitetar som er inkludert i leiga.

Pris for leige inkl. vask frå kr 5000

Vaskekjellaren har plass til 14 personar.
 

Vaskekjellaren

Vaskekjellaren har plass til 14 personar og kan nyttast heile året. Her er langbord med stolar og benk. Det er toalett, open peis og eigen lygarkrok. Vaskekjellaren er på 40 m². Les om historia til vaskekjellaren.

Pris for leige inkl. vask frå kr 4000

Gamlenaustet har plass til 10 personar.
 

Gamlenaustet

Gamlenaustet er det gamle kyrkjenaustet frå 1424. Dette er eit grindbygg, der grinda vart frakta heil på lastebil frå Nerskøystøa og opp til tunet sommaren 2018. Det er lagt ny bordkledning og nytt torvtak på naustet. Det er plass til 10 personar i gamlenaustet. Gamlenaustet er på 30 m². Les om historia til Gamlenaustet.

Pris for leige inkl. vask frå kr 3000

Kyrkjenaustet har plass til 50 gjester.
 

Kyrkjenaustet

Ei stavkyrkje vart etter sagnet flytta frå høvdinggarden Leite på Stette rundt 1420. Den første køyrevegen i Skodje vart bygt frå Kyrkjenaustet og opp til kyrkja i 1424. Påbygget mot aust er slik vi tenkjer skiftestova var. Kyrkjefolket frå Glomset, Valle og Svorta rodde over Skodjevika og skifta til søndagsstasen i skiftestova. Ved Nerskøyvøren stod det hesteskyss og venta på dei som trong det. Bygget vart restaurert i 2017, har plass til 50 gjester og er på 55 m². Kyrkjenaustet er utan vatn og straum. Les om historia til Kyrkjenaustet.

Pris for leige inkl. vask frå kr. 4000