Ov-etar om han ikkje seg sansar,
et seg heilt i hel,
Mang ein tull vert for magen sin
til lått mellom kloke karar.

- Håvamål -

Mat og drikke

Mat+og+drikke.jpg
 

Servering

Det er høve til å ta med eigen mat og å bruke eige serveringspersonale. Vi kan anbefale cateringselskap, om du ynskjer det. Du kan også bestille mat til selskapet ditt frå vår eigen meny. (Sjå meny under.)

Nedreskodje gard samarbeider med kokkane “Skrøppatausene” når vi har større arrangement.

Ta kontakt med vertskapet på telefon 951 87 752 for å avtale.

djupebrøta bar2.jpg
 

Djupebrøta bar

Nedreskodje gard har skjenkebevilling for øl, vin og brennevin. Du skal alltid finne gode vinar og eit rikt utval av ølsortar i baren.

Skjenkebevillinga gjeld i tidsromet 08.00–01.00.

NB! All alkoholhaldig drikke må kjøpast og serverast av personale frå Nedreskodje gard. (Sjå under for drikkemeny.)

Skr%C3%B8ppa-tausene.jpg
 

Skrøppatausene

Nedreskodje gard samarbeider med Skrøppatausene som har utvikla dei menyane vi tilbyr. Allergenar ligg inne i menyane. Det er mogleg å bestille alternativ meny mot eit tillegg i prisen. Det kan også bestillast andre rettar enn det vi har på menyen. De kan då kontakte Skrøppatausene på epost post@skroppatausene.no eller på telefon til Bente Skrøppa 924 40 241.

Skrøppatausene er to ekte Skøye-jenter som er utdanna kokkar med lang i fartstid i næringa. Dei er i ferd med å starte eige cateringfirma med fokus på kvalitet på råvarer og produkt.

I ei tid med corona-virus og sentralisering er det kjekt å gå motstraums i lag. Vi vil skape ny aktivitet og nye møteplassar i Skodje og vi har lyst til å skape det saman.

Menyen vår

 

MØTEPAKKAR

Brødblings med ost, skinke, grønsaker og salat.jpg

Møtepakke 1

Kaffi, te, vatn

Fruktfat

Brødblings 
med ost, skinke, grønsaker og salat
(Allergen: mjølk, gluten)

Skuffekake
(Allergen: mjølk, gluten, egg)

Pris 250 kr

salat.jpg

Møtepakke 2

Kaffi, te, vatn  

Fruktfat 

2 typar pastasalat,
grøn salat og brød
(Allergen: gluten, mjølk, egg, sennep) 

Kanelsnurrar
(Allergen: gluten, mjølk)

Pris 350 kr

Gratinert klippfisk.jpg

Møtepakke 3

Kaffi, te, vatn, mineralvatn 

Fruktfat

Gratinert klippfisk
med tomat, løkmarmelade, persille, aioli, bacon og potetstappe, servert med focaccia
(Allergen: fisk, mjølk, egg, sennep)

Panna Cotta med skogsbær
(Allergen: mjølk)

Pris 450 kr 

VARME RETTER

mozartsuppe.jpg

Mozartsuppe

Fyldig ostesuppe med bacon, purre og sopp. 
Servert med heimebaka brød og smør.(Allergen: mjølk, gluten)

Pris 140 kr

bacalao.jpg

Skrøppatausenes bacalao

Bacalao med klippfisk frå Dypvik,
løk, tomat, paprika, chili og potet.
Servert med focaccia og aioli.
(Allergen: fisk, gluten, egg, mjølk, sennep)

Pris 325 kr

Stifado.jpg

Stifado

Gresk langtidskokt oksegryte av mørt og smakfullt oksekjøt frå Longvamør.
Servert med luftig potetmos, salat og urteolje. (Allergen: mjølk)

Pris 325 kr

FESTMENYAR

Tilslørte nøttepiker.jpg

3-retters festmeny

Bruschetta med mjuk brie og plommechutney sanka fra plommetrea i mamma Skrøppa sin hage, og bruschetta med søte tomatar og basilikum.
(Allergen: gluten, mjølk)

###

Langsamt steikt svinenakke
med sennep, rosmarin og kvitløk. Servert med omnsbakte rotgrønnsaker, krema skogsoppsaus og urtepoteter.
(Allergen: sennep, mjølk)

###

Tilslørte nøttepiker.
Servert med karamellsaus med creme patisserie, rom og rosin.
(Allergen: nøtter, mjølk, egg, gluten)

Pris 650 kr

heilsteikt oksefilet.jpg

4-retters festmeny

Laksetartar med sennepsaus,
havrebaguett med eple, piska Kviteseidsmør og sitronbåtar.
(Allergen: fisk, egg, gluten, mjølk, sennep)

###

Pannesteikt torsk med sesam.
Servert med steikt østerssopp, vårløk, reddik steikte småpoteter og nøttesoyasmør.
(Allergen: sesam, nøtter, gluten, mjølk)

###

Heilsteikt oksefilet
med sesongens grønsaker, peparsaus og luftig potetpuré.
(Allergen: mjølk)

###

Sjokolademousse med sjokoladebiter, grønt krunsj, jordbærsorbet og friske bær.
(Allergen: egg, nøtter, mjølk)

Pris 750 kr

tapas.jpg

Tapasmeny

Merk: Minstebestilling er 10 pax

Rosastekt kalv med kreolske smaker, serveres med en salat av ananas, agurk og koriander

  • Bruschetta med brie og plommechurtey av plommer fra hagen til mamma (Allergen: melk, gluten fra hvete)

  • Spekeskinke og forskjellige spekepølser, god ost og annet godt (Allergen: melk)

  • En smakfull salat med kikerter, linser, koriander og lettrosa svin.

  • Lefseruller med røkt ørret, ostekrem, rødløk, paprika og ruccola. (Allergen: melk, gluten fra hvete, fisk)

  • Nudelsalat med asiatiske smak og deilige, fargerike grønnsaker (Allergen: bløtdyr, soya)

  • Dadler rullet i bacon, servert på ei seng med bakte tomater og fetaost (Allergen: melk)

  • Grønne oliven med granateple, rødløk og persille

  • Spareribs med Tausenes BBQ (serveres varm)

  • Spanske kjøttboller i litt småhot tomatsaus (serveres varm)

  • Stekte småpoteter med paprika, chili og hvitløk (serveres varm)

  • Aioli (Allergen: sennep, egg, melk i parmesan)

  • Focaccia (Allergen: gluten fra hvete)

DRIKKE

Kvitvin

Soave
95 kr (glas) / 440 kr (flaske)

Raudvin

La vielle ferme
95 kr (glas) / 440 kr (flaske)

Dette er husvinane våre. Vi tar også inn andre vinar etter ønske frå kundane.


 

Alkoholfritt

Vi har alkoholfrie alternativ for både vin og øl.

 

Ta kontakt med vertskapet på tlf. 951 87 752 for å avtale meny for arrangementet ditt.