Tilbake til alle arrangementer

Kornøl: Det norske urølet 24. mars 2023

  • Nedreskodje gard 29 Nedreskodjevegen Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

KORNØL: DET NORSKE URØLET

Korleis brygge med kveik?

Kveik

Foto: Lars Marius Garshol

Foredrag med Lars Marius Garshol 24. mars 2023


Pris pr. person inkludert smaksprøver kr. 400. 

Dørene opnar kl. 18.00.
Foredraget startar kl. 19.00.


Lars-Marius Garshol er truleg den største eksperten på gardsøl og kveik i Noreg, Han er ein erfaren foredragsholdar og har skrive fleire bøker om emnet.

Kornøl har dei siste åra begeistra ølentusiastar verda over, men ikkje så mange veit kva det eigentleg er, eller kva som er så spesielt med det.

I dette foredraget får vi høyre om kvar kornøl kjem frå, kvifor det har sjokkert ølekspertane i utlandet, og korleis det var ein sentral del av norsk bondekultur.

Vi får også høyre om kva supergjæren kveik eigentleg er for noko og kvar den kjem frå. Nokre gode historier blir det også plass til.

Garshol har med meg bøker så folk kan kjøpe og få dei signert.

Publikum får smake lokalt kønjøl brygga på open grue med fersk eine og or-rist. Vi får teste 4 ulike kveikar.

(Maks 60 deltakarar).

Forrige
Forrige
23. april

Lygarkveld 23. april 2022

Neste
Neste
2. september

Fjord Cadenza: Operapub